Overnatting i seterhus på Høvringen

Velkomen til Formoseter

Formoseter 53.jpg

Velkomen til Formoseter og Høvringen

Formoseter ligg fritt og fint på Høvringen med panoramautsikt mot Rondane Nasjonalpark, fjell og dalar. Det er Cecilie Asp og Anders Formo som driv Formoseter saman med tilsette og gode hjelparar i familien.

Formoseter har ei lang historie knytt til drifta på Formo gard nede på Sel. Det var tradisjonell seterdrift fram til ca 1930. Sidan da har jorda vore nytta som beite og til hausting av for. I dag står det fire seterhus frå 1800-talet her, dei vart restuarert og fekk innlagt vatn og straum for omlag 20 år sidan. I tillegg til desse sette vi opp eit nytt seterhus i 2013, der vi har kombinert ny og gamal byggeskikk.

I Formostugu kan vi tilby servering for grupper og ei triveleg rame rundt ulike arrangement.

 

Seterhusa

Aktivitetar

Selskap

 

@formoseter