Overnatting i seterhus på Høvringen

Om Høvringen

IMG_1070.JPG

Høvringen er ei gamal setergrend og ein av innfallsportane til Rondane Nasjonalpark - eit høgfjellsområde med ti toppar over 2000 moh. Det er fine turmuligheter og mange godt merka turstigar på Høvringen. Du kan oppleve toppar, vidder og frodige dalar i og rundt Rondane Nasjonalpark på dagstur frå Høvringen og Formoseter. Langs fleire av turstigane er det framleis restar av over 1000 år gamle fangstgraver frå villreinjakt. Det er gode muligheter for fiske i fjellvatn og bekkar. Vinterstid er Høvringen ideelt for den som ønskjer skiturar i høgfjellet, med 140 km med preparerte skiløyper i sesongen. Formoseter ligger sentralt til på Høvringen og vi har åpent heile året. Det er avkjøring til Høvringen fra E6 15 km nord for Otta. Høvringen er lett tilgjengelig sommer og vinter med privatbil, buss og tog.

Otta - Trondheim 246 km
Otta - Oslo 304 km
Otta - Bergen 413 km

Les meir om Høvringen.
Les meir om aktivitetstilbod i området.