Overnatting i seterhus på Høvringen

Seterhusa på Formoseter

Formoseter 25.jpg

Tradisjonsrik overnatting på Høvringen

Alle seterhusa på Formoseter er utstyrt for sjølvhushald. Dei har bad, WC og moderne kjøken. Nokon av husa er store, andre er små og dei passar for fra 2-18 personar. Det er plass til omlag 40 personar til saman om ein nyttar plassen i alle husa.

Formoseter er ei gamal seter med lang histore attende til ei anna tid. Da vi restaurerte seterhusa var målet å ta vare på mest mogleg av det gamle. Vår filosofi er at her skal vere godt for folk å bu, og at spora frå fortida er med på å gjere opplevinga her spesiell. Det betyr samstundes at vi ikkje kan lage for mykje nye spor og at vi har tilpassa moderne komfort så varsamt som mogleg til det gamle.

På Formoseter er det ingen king size bed, eller master bedroom i noko hus. Men det er triveleg å kome hit, sengene er gode, og husa er utstyrt slik at ein har det ein treng for å klare seg. Interiøret er teke vare på så langt det let seg gjere, og det er stor trivsel i stua når ein fyrar opp den gamle klebersteinspeisen.

Formoseter 51.jpg

Steinbue

Det nyeste seterhuset på Formoseter.

Midtistugu

Eit triveleg seterhus.

IMG_3278.JPG

Selet

Det gamlaste huset på setra.

 

Stallheim

Det minste seterhuset på setra.

Fjoset

Der mjølkekyrne budde.

Veslestugu

Eit triveleg lite seterhus.

Steinbue

IMG_2278.JPG

Steinbue er eit nytt seterhus bygd i 2013. Steinbue er både eit tradisjonelt og litt moderne seterhus på same tid. Frå rommet med stugu og kjøken er det store glas med panoramautsikt over seterkvea og inn i fjella. Steinbue har to soverom med til saman seks sengeplassar i familiekøye. I tillegg er det ein hems med to sengeplassar. Bad, wc, badstugu.

Midtistugu

Midtistugu er eit triveleg seterhus som vart flytta til Formoseter ein gong på 1800-talet. Her er det peisestugu, kjøken med langbord, bad/wc og to soverom. Soveromma har til saman ni sengeplassar i familiekøye/køye og enkeltseng.

Selet

Selet er det gamlaste huset på setra, ingen veit akkurat når det vart sett opp, det har alltid vore her. Her står peisestugu slik ho alltid har gjort. Det er romsleg kjøken, bad/wc og to soverom. Soveromma har til saman seks sengeplassar i familiekøye.

Stallheim

Stallheim er det minste seterhuset på Formoseter, med peis, soveplass og kjøken i eitt og same rom. Det er tre sengeplassar i familiekøye inne i stugu. I tillegg er det eit enkeltrom og ein hems med plass til ein eller to. Seterhuset har bad og wc. Stallheim passer fint for eit par, eller ein liten familie som synes det er greit å ikkje ha så stor plass. Fjoset og Stallheim kan leigast ut saman ved å opne mellom husa. Da har ein til saman 18 sengeplassar.

Fjoset

Fjoset var fram til 1930 fjos for mjølkekyrne på setra. Slik stod det til vi restaurerte og sette istand for folk I 1997. I Fjoset er det peisestugu og kjøken med langbord i same rom. Det er fire soverom og to bad, samt ei badstugu. Soveromma har til saman 12 sengeplassar i familiekøye. Fjoset og Stallheim kan leigast ut saman ved å opne mellom husa. Da har ein til saman 18 sengeplassar.

Veslestugu

Veslestugu er berre eit bitte lite seterhus med tre sengeplassar i familiekøye. Her er det ikkje bad/wc, dei som bur der må inn dei andre husa for å få tilgang til bad og wc. veslestgu er derfor fint som ekstra soverom til dei andre seterhusa om ein treng det. Veslestugu blir berre leigd ut saman med eitt av dei andre seterhusa.