Overnatting i seterhus på Høvringen

Selskap på Formoseter

Formoseter 31.jpg

I Formostugu tek vi imot grupper til servering. Formostugu er eit hus som har stått nede på garden vår, Formo, og som vi flytta til fjells. Huset stod ferdig restaurert på Formosetra i 2013. Her er det ei staseleg storstugu med langbord og peis.

I Formostugu kan vi samle grupper som vil samlast til felles måltid. Vi tek og imot selskap og bedriftssamlingar. Vi tilbyr ein meny basert på lokale råvarer og heimelaga mat. Vi kan dekke til omlag 30 personer i Formostugu.

Ta kontakt så legg vi i fellesskap opp arrangementet slik de ønskjer.