Overnatting i seterhus på Høvringen

Aktivitetar og arrangement

Formoseter 75.jpg

Flott turterreng sommar og vinter

Kjem du til Formoseter vinterstid kan du spenne på skia rett utanfor døra. Her er 140 km med oppkjørte skiløyper i og rundt nasjonalparken, med mulighet for fine skiturar i godt skiterreng og heilt til topps for den som vil det. Sommar og haust er det mange godt merka turstigar. Det er berre å niste seg ut, og ta ut på tur rett frå setra. Kvar sommar går kvigene våre på seterkvea, ungane kan bli med og gi dei mjøl. Frå sommaren 2018 kjem vi også til å ha to hestar med til setra - for rideturar, kos og stell.

 

Andre arrangement i nærområdet 

Dansefestivalen i Sel

Arrangerast på Sel kvart år i juli,

Kristin Lavransdatter

Kristinspelet på Sel kvar sommar.

Peer Gynt-spelet

Årlig spel ved Gålåvatnet i august.

Fjellviku på Høvringen

Siste veka i juli er det Fjellviku på Høvringen. På Formoseter har vi open seterkafè denne veka, konsert og maleriutstilling.