 |
|

VELKOMEN TIL
FORMOSETER
Formoseter ligger på
Høvringen, 935 moh ved porten til Rondane Nasjonalpark. Setra ligger fritt
til med utsikt mot Rondane og Jetta. Her
går både skiløypa og turstigar rett utanfor grinda.
Sidan vi starta å leige ut husa for over 10 år sidan har vi
fått mange faste gjestar som kjem att år etter år.
Formoseter har ei lang
historie med tradisjonell seterdrift fram til ca 1930. Sidan har jorda
vore nytta som beite og til hausting av for. I dag står det 4
seterhus frå 1800-talet her,
restaurert og med god standard. Her er det både triveleg og
behageleg å vere! Seterhusa er utstyrt for
sjølvhushald og passar for 2-18 personar. Det er plass til omlag
30 personar totalt.
|
|
Nå er det på tide å
bestille plass til sommerferien!
Formostugu
og
Steinbue - nye seterhus
Kalvlykkja er eit gamalt tømmerhus som ein gong har stått
på garden Formo. Vi sett nå opp huset på setra, saman
med eit nytt tilbygg. Frå hausten 2012 leiger vi ut Formostugu
til selskap og bedriftssamlingar. Steinbue skal også stå
ferdig med 3 soverom, bad/badstue, hems, stue og kjøkken. Følg
bygginga på vår Facebookside.
Aktiviteter for
store og små på Høvringen i vinter
Vi slo til med nytt vinterprogram i vinter, aketur ned Formlia med
kaffestopp på garden hos oss vart ein populær aktivitet og
det blir aking neste vinter også.
Sjå
film fra aking ned Formolia vinteren 2012 her.
|
 |
Cecilie og Anders Formo ønskjer
velkomen til fjells!
|
|